Villmatkurs med matlaging på primus

Frå ugras til gourmet – sanketur og matkurs i Bergen!

Har du nokon gong lurt på kva du faktisk kan ete i naturen rundt deg?

Langs Løvstien finst det ei verd av smakar dei fleste går rett forbi.

På dette kurset får du vere med Anne Lill på ei oppleving der natur, kunnskap og matglede møtast.

Sank, lær og smak

Vi startar med ein roleg tur der du lærer å:
– Oppdage spiselige vekster
– Skilje trygt frå utrygt
– Sjå potensialet i det som veks rundt deg

Dette handlar ikkje berre om sanking – men om å sjå naturen med nye auge.

Mat ute smakar betre

Etter turen lagar vi mat saman ute i det fri.

Med enkle middel (primus/stormkjøkken) tryllar vi fram smårettar med stor smak – og du får konkrete tips til korleis du kan gjere dette sjølv.

kven passar dette for?

– Deg som er glad i natur
– Deg som vil lære noko nytt
– Deg som likar mat og gode opplevingar
– Perfekt som sosial aktivitet


📍 Praktisk info:

  • – Onsdag 13.mai

    – Tid: kl. 17:00–20:00
    – Varighet: ca. 3 timar
    – Oppmøte: Rogagaten 26, Stene Matglede sine lokal
    – Pris: 1100 kr
    – Maks: 15 plassar

Ta med:

Har du eige stormkjøkken/primus? Ta det med!
Du får rettleiing på ditt eige utstyr 🙌
(Men vi har utstyr til alle – så det er ikkje nødvendig)

Kle deg etter veret og ta med noko du kan sanke vekster i dersom du vil ta med noko heim:-)

Kurset inkluderer:

– Råvarer
– Utstyr
– Oppskrifter
– Personleg rettleiing

Bli med på villmatkurs 13.mai kl 17

Kurset startar etter planen på Stene Matglede sitt eige produksjonskjøkken i Rogagaten 26, så beveger vi oss ut i nærområdet for matlaging. Oppdatering ang stad kjem når det nærmar seg, då dette må tilpassast fasiliteter, ver og sankeforhold:-)

 

Vi var så heldig at Vestlandsrevyen kom innom medan vi haldt kurs 8.april 2025! Sjå det heile her:

FAQ

Må eg ha erfaring frå før?
Nei! Dette er eit lavterskel kurs – perfekt for nybegynnarar.

Kva om eg ikkje har stormkjøkken?
Ingen problem – vi deler på utstyret vi har.

Eg har aldri brukt ein primus/stormkjøkken før, er det vanskeleg? Ikkje i det heile! Anne Lill viser deg steg-for-steg korleis du trygt bruker både primus og stormkjøkken. Dette er ein perfekt arena for å lære det for første gong.

Kva slags mat lagar vi?
Småretter basert på det vi sankar – enkelt, smakfullt og inspirerande.

Kva kle bør eg ha?
Kle deg etter veret – vi er ute heile tida.

Kva gjer vi om det regnar? Vi avlyser ikkje for litt vestlandsvêr! Vi trekkjer under tak eller finn lune plassar. Kle deg etter «lag-på-lag»-prinsippet og hugs vasstette sko og regntøy. Mat smakar ofte ekstra godt ute i frisk luft, uansett vêr!

Er dette berre for spesielt interesserte?
Nei – dette passar for alle som er nysgjerrige på natur, mat og nye opplevingar.

Er det parkeringsmogelegheiter ved oppmøtestaden? Det er noko gateparkering i området, men vi tilrår å bruke kollektivtransport om mogeleg, då det kan vere avgrensa med plass.

Kor lang tur skal vi gå? Vi rører oss i eit roleg tempo langs Løvstien og i nærområdet. Dette er ikkje ein treningstur, men ei roleg vandring med mange stopp, slik at alle kan delta uansett form.

Sikre deg plass i dag – det er kun 15 plassar!