Nydelige salater møter digge dressinger; Er det dette du har venta på??
Lær å lage og matpreppe smakfulle salater og skikkelig digge dressinger!
Første mulighet blir mandag 12. januar og det er utsolgt! Så kva betyr det??
Jo, ny dato! Neste mulighet: torsdag 5 mars
Endeleg er tida komen for salatane som faktisk mettar!
Bli med Anne Lill på ein frisk og inspirerande kveld der du lærer å lage fargerike, smakfulle salater og skikkeleg digge dressinger - akkurat slike som ho har trylla fram kvar veke sidan ho starta med Lunsj på Hjul i Bergen i 2016.
Dato: Mandag12.januar // Torsdag 5.mars
Stad: Støvå PopUp i Rogagaten 26
Pris: 1400 kr per person
Tid: 18.00 - 21.00
Maks 8 deltakarar
Du får lære korleis du kan kombinere grønsaker, frukt, korn, urter og toppingar til salater som gjer både kropp og smaksløkar glade.
Vi lager ulike basisdressinger, prøver ut smakskombinasjoner og ser korleis du enkelt kan førebu ingrediensar slik at du alltid har noko sunt og godt klart i kjøleskapet.
Dette bli ein sosial og smakfull kveld med fokus på ekte råvarer, gode teknikkar og masse inspirasjon. Mot slutten nyt vi alt det gode vi har laga - med sprudlende drikke og tid til å dele smakar, latter og matglade samtaler.
Kurset inkluderar:
Alle råvarer
Veileiing, oppskrifter og tips
Lån av forkle og alt av utstyr
Sprudlende drikke
Masse deilige salater, dressingar og inspirasjon
Doggybag med eventuelle restar perfekt til lunsj dagen etter
Kurset foregår på Stene Matglede sitt eige produksjonskjøkken i Rogagaten 26.
Trykk på knappen for å sikre dykk ein plass på kurset :-D
Kjøpte billettar vert kun refundert dersom kurset vert avlyst.
FAQ – Fargerik salatprep
Må eg vere flink til å lage mat for å vere med?
Nei. Kurset passar både for deg som er ny på kjøkkenet og for deg som allereie leikar deg med salatar, men vil ha meir system, smak og tryggleik i kombinasjonane. Her handlar det ikkje om å vere “flink”, men om å forstå kva som funkar.
Er dette eit vegetarisk kurs?
Kurset er i hovudsak grønsaksbasert, men vi snakkar også om enkel protein-pimp som ost, egg, kjøtt, fisk og belgvekstar. Du vil sitte igjen med løysingar som passar både vegetarisk og fleksitarkost.
Kva type salatar lagar vi?
Vi lærer kunsten å bygge mettande, fargerike salatar – slike som fungerer som eit fullverdig måltid. Fokus er på kombinasjon av grønsaker, korn, protein, frukt, crunch og skikkeleg digge dressinger.
Får eg oppskrifter med meg heim?
Ja. Du får oppskrifter, grunnprinsipp og tips samla, slik at du enkelt kan gjenskape – og variere – det vi har laga heime.
Kjem eg til å bli mett av det vi lærer å lage?
Ja, det er liksom ein del av poenget;-) Dette er salatar som mettar – og som eg brukar både til middag og lunsj i kvardagen.
Kan eg bruke det eg lærer i ein travel kvardag?
Absolutt. Ein stor del av kurset handlar om meal prep: korleis du kan førebu ingrediensar på ein smart måte, slik at du kan setje saman ulike salatar i løpet av veka utan å lage alt frå botnen kvar dag.
Er råvarer og utstyr inkludert?
Ja. Alle råvarer, utstyr og forkle er inkludert. Du treng berre å møte opp.
Får eg med meg mat heim?
Ja. Dersom det er restar, får du med deg ein doggybag – perfekt til lunsj dagen etter.
Eg har allergiar / spesielle behov – kva gjer eg?
Ta gjerne kontakt i forkant, så ser vi kva vi kan tilpasse. Små grupper gjer det ofte mogleg å finne gode løysingar.
Kvifor er kurset prisa til 1400 kr?
Kurset inkluderer alle råvarer, oppskrifter, personleg rettleiing i liten gruppe, eit fullverdig måltid, drikke og praktisk kunnskap du kan bruke igjen og igjen i kvardagen. Målet er at du skal sitte igjen med ferdigheiter – i tillegg til ein hyggeleg kveld.
Kor mange deltakarar er det?
Maks 8 deltakarar. Det gir rom for spørsmål, smaking, justeringar og god flyt på kjøkkenet.
Kven held kurset?
Kurset blir halde av Anne Lill frå Stene Matglede, som sidan 2016 har laga og levert mettande, berekraftige salatlunsjar gjennom konseptet Lunsj på Hjul i Bergen.