Catering til Bryllaup

Stene Matglede tar meir enn gjerne større og mindre bryllaupsoppdrag, og elskar muligheten til å gjere dagen dykkar endå eit hakk betre gjennom deilig fargerik mat og nokon med stålkontroll på kjøkkenet ;-) Her kan dykk få eit innblikk “behind the scenes” på tidlegare oppdrag.

Eg skreddarsyr kvar enkelt meny til kvart enkelt bryllaup, alt etter ønsker, muligheter, fasiliteter, allergier, sesong og inspirasjon. Vi planlegger opplegget saman, og eg er personlig med frå A til Å og i så stor eller liten grad som dykk ønsker. Om dette frister og du vil ha meir informasjon om kva eg kan tilby til slike store selskap så klikker du på forespørsel-knappen, og scroller heilt nederst på sida du kjem inn på, til eit skjema du kan fylle ut med nødvendig info:-)

Eg har og laga til ei liste med vanlege spørsmål mot slutten på denne sida, så kanskje kan du få noko svar allereie der!

 
 

Erlend og Helene 4ever!

6.juli 2024 fekk eg era av å lage mat til Erlend og Helene frå Hella Sopperi då dei feira giftemålet i Garveriet på Ytre Fosse. Eit heilt nydelig lokale og heilt nydelige folk måtte sjølvsagt ha heilt nydelig mat! Valget falt på ein rikhaldig buffet med sjølvsagt mykje gode råvarer frå brudeparet og familien <3 Desserten fiksa den bakeglade bruda sjølv!

Meny

Grønne erteboller med nøtter og Hella sopp

Helstekt Hella gås braisert i eplejuice

Langtidsstekt lammelår frå Hella med urter og kvitløk

Pulled pork svinenakke frå Kolstad Matgard, med grillsaus og rabarbra 

Fersk salat med råvarer fra Toppe gartneri med urtevinaigrette 

Blågrå østersopp og piggsvinsopp, stekt og marinert i chili, sitron, koriander og rødløk

Brokkolisalat med fetaost og vannmelon 

Dampa småpotet

Grilla gulrot med honning og valnøtter 


Vidar + Amy = Sant <3

2024 sesongen vart avslutta 31.august med eit stort og nydelig bryllaup i Ervingen kulturhus; også kjent som Gimle kulturhus, midt i Bergen sentrum! Heile 108 gjestar fekk mykje god mat og det var eit utruleg kjekt oppdrag:-)

Meny

Tartar på dagens fisk med ramsløkkapers og rista gresskarkjerner

veg: Rødbetetartar

******

Eplebraiserte oksekjaker, dampa småpoteter med sitron og flaksalt, rotgrønnsaker bakt med granskuddsirup og urter, kålsalat med sennepsvinaigrette og rista solsikkekjerner

veg: Bakt sellerirot med kikerttopping og urtevinaigrette

******

Kjernemelkrand med kryddarkokt rabarbra og havreknas


Vincent <3 Manon

A wonderfull french couple that wanted a norwegian destination wedding with food from Stene Matglede at Skjelbreid Poiree Lodge in Eikelandsosen on the 4th of august 2022. Ended up moving to Norway:-D

Appetizers

Rolls filled with Snøfrisk, grilled zucchini and fresh herbs

Green pea hummus served on «knekkebrød» with pickled red onions

Creamy cold cucumber soup with pieces of smoked salmon

Menu

 Norwegian style ceviché with local white fish, apple from Hardanger, chili and Lemon

******

Oxcheek braised and glaced with local applejuice, herbs and ramson, honeybaked vegetables of the season , steamed gourmetpotatoes with mustard and dandelion capers, and lingonberries on the side

******

Sourmilkcake with red berries, toasted pumkinseeds and pine sprout syrup


Hurra for Sveinung og Emilie <3

Stort bryllaup med ein hærlig gjeng med 132 gjestar på Hildre Kulturhus på Sunnmøre, 28. mai 2022. Kjempekjekt oppdrag i heimlege trakter!

Småmat

Gazpacho

Fenalår

Ost og kjeks

Yoghurt med oppskåret frukt

Lefse med grøn ertehummus, bakt squash og urter

 Meny

Sjøkreps naturell med rabarbrasalsa, heimelaga majones og brød

******

Langtidsbraisert svinenakke med eplesjysaus, honningglasserte rotgrønnsaker og dampa småpotet med flaksalt og urter

******

Fyldig sjokoladekake med marinerte bær og ostekrem med vanilje


Til lykke Sondre og sara!

Eit leikent bryllaup med fokus på det vegetariske, ein varm seinsommersdag på Skyttarhuset på Stend 10. september 2022.

Meny

Ceviché av kvit fisk med fennikel, eple, vårløk, chili og sitron

******

Grøn ertehummus med ramsløk, honningglaserte rotgrønsaker, dampa aspargesbønner med sennepsvinaigrette, råmarinert blomkål og brokkolisalat, sylta raudløk, løvetannkapers og rista mandlar

******

Yoghurt panna cotta med marinerte plommer og honningrista gresskarkjerner


Gratulerer Dag magnus og HAnne!

Catering til bryllaup i strålande vårvêr på Moldegaard på Os 23. april 2022.

Meny

Steikte eigenplukka kamskjell med blomkålpuré og chorizo

******

Sjølvskutt hjortebiff med honningglaserte rotgrønnsaker, eplesjysaus og dampa småpoteter med flaksalt og urter

******

Sjokolade panna cotta med marinerte bær og karamelliserte havresmuler



lenge leve kjærleiken til Manuel og Gudny

Catering oppdrag satt i nydelige Ulvik i Hardanger, på Elvatun Ungdomshus 2. juli 2022. Denne menyen var servert som buffet.

Meny

Langtids braisert lammelår frå Syse Gard med eplesjysaus

Bakt squash med nøtter og grøn ertehummus

Dampa ris med persille og sitron,

Småpoteter med ramsløk og sennep,

Blomkål og brokkolisalat med vårløk og bringebær og eplecidereddik frå Ulvik Frukt og cideri

Honningbakte rotgrønnsaker med urter og spinat

*****

Melkesjokolade panna cotta med havre krønsj og eit utval lokale bær, frukt og sylta plommer



Ofte stilte spørsmål om bryllaupscatering

Har de ei fast prisliste?
Nei. Ingen bryllaup skal vere like, og eg skreddarsyr meny og opplegg etter dykkar ønskje, talet på gjester, lokale og korleis maten skal serverast etc. De får derfor først eit meir konkret tilbod når eg veit litt meir om dagen de planlegg og ønsker kring maten. Dette avklares som regel i eit møte

Kva slags mat kan vi bestille?
I teorien kan eg lage det meste! Menyen blir tilpassa dykk, sesongen og fasilitetane på staden. Eg er særleg glad i mat laga frå botnen av, gode råvarer og menyar med mykje smak, fargar og personlegheit – og kjem gjerne med forslag dersom de ikkje heilt veit kva de ønskjer enno. Dei beste menyane lagar vi i fellesskap!

Kva må vere på plass i lokalet?
Eg leverer ikkje ferdig varm mat, så lokalet må ha eit kjøkken med moglegheit for koking og/eller steiking og nødvendig kapasitet til å ferdigstille maten. Kva som trengst vil variere med meny og talet på gjester, så dette avklarer vi i planlegginga.

Kan du levere catering til lokale utan kjøkken?
Det kjem an på menyen og storleiken på selskapet. Nokre opplegg krev mindre enn andre, men dette må avklarast før menyen blir bestemt. For selskap på over 60 personar må det vere tilgang til eit kjøkken der eg kan gjere enkel førebuing/prep og ferdigstilling på sjølve dagen.

Stiller du med servitørar?
Eg har ikkje eigne servitørar, men sørger for den kjøkkenhjelpa eg treng for å ferdigstille og organisere maten. Dersom de ønskjer bordservering, rydding, skjenking eller anna serveringspersonale, må dette organiserast separat.

Kan du tilpasse menyen til allergiar og ulike kosthald?
Ja, i dei aller fleste tilfelle. Gi meg beskjed om allergiar og andre behov så tidleg som mogleg, så tek eg omsyn til dette når menyen blir sett saman.

Kan du hjelpe oss med å finne ut kva og kor mykje mat vi treng?
Absolutt. De treng ikkje ha menyen klar når de tek kontakt. Fyll ut ein catering forespørsel slik at eg får alle detaljer eg treng no i starten, så tar vi det derifrå:-)

Kor tidleg bør vi ta kontakt?
Gjerne så tidleg som mulig. Bryllaup krev meir planlegging enn mange andre cateringoppdrag, og populære datoar kan bli booka tidleg. Sidan eg jobbar med alle oppdrag sjølv så vert eg fort fullbooka. Uansett så treng de ikkje ha bestemt alle detaljane før de tek kontakt.

Tek du bryllaupsoppdrag utanfor Bergensområdet?

Ja! Eg tek gjerne på meg bryllaup også utanfor Bergen. Dersom avstanden blir for lang til at vanleg catering og transport av maten er praktisk, kan vi heller lage ei «leig ein kokk»-løysing.

Då kjem eg til dykk og lagar maten på kjøkkenet på staden, og oppdraget blir rekna på timebasis i tillegg til råvarer, reise og eventuelt opphald. Dette kan faktisk gi endå større fridom til å skreddarsy meny og opplegg til akkurat dykkar bryllaup.

Det viktigaste er at lokalet har eit kjøkken med gode nok fasilitetar og kapasitet til menyen og talet på gjester. Send gjerne ein førespurnad sjølv om bryllaupet er langt frå Bergen – så ser vi på kva som er mogleg!