Lunsj på hjul

Sunn og berekraftig gourmetlunsj levert med sykkel!

kortreist mat laga frå grunnen av, med mest mogleg økologiske råvarer.

Lunsj på Hjul vart starta opp heilt tilbake i 2016, i ein by der lunsjtilbodet var ganske begrensa og i ei tid matsvinn enno var eit framandord for dei fleste. Mykje har endra seg sidan då, valmulighetene for lunsjlevering har mangedobla seg, men visjonen og ambisjonen bak Lunsj på Hjul er den samme;

Kjempe mot matsvinn ved å lage digg gourmetmat levert på det mest berekraftige vis :-)

PS: scroll nedover så du får med deg nyheten Frukt på Flaske også;-)

Eg syklar rundt om i Bergen kvar tysdag og onsdag.

Lunsj på Hjul er eit samarbeid med mellom anna Reindyrka AS og T.L. Måkestad, og vert laga av overskuddsråvarer og lokale delikatesser.

Tysdagsvrien vekslar annakvar veke mellom Grautatysdag med kjøleskapsgraut eller smoothiebowl-ish med masse deilig frukt, bær, gryn, kjerner og nøtter, og nyheten Tapenadetysdag der eg lager lunsj med base i smakfull tapenade på belgvekster med deilige grønnsaker til.

Onsdagssalaten er ein smaksrik og mettande salat med pasta, gryn, belgfrukter og liknande, toppa med masse digge grønnsaker; med andre ord meir den originale Lunsj på hjul varianten som har vore med frå start.

Maten kostar 149 kr for éi enkelt levering, eller kun 137 kr pr levering dersom ein teknar eit abonnement.

interessert?

fyll ut skjema nederst på sida

Nyhet!

Frukt på flaske <3

No kan du også bestille skikkelig digg, sunn og berekraftig drikke saman med lunsjen din! Eg lager en ny smoothie eller jus variant kvar veke, som er proppfull av frukt, bær og/eller grønnsaker som eg ikkje fekk brukt opp til lunsjane. Fyller det på ei skikkelig flott glasflaske, som du som fast abonent kan få gjenbruke ved å levere inn att til meg ved påfølgande levering :-) Flexikunder som koser seg med enkeltleveringar må bare betale for sjølve flaska i tillegg, så beheld man den.

Eg kallar det “Frukt på Flaske” og den kan du få nyte for 39 kr dersom du er abonnerer, 59 kr dersom du er flexikunde. Den aller første kom 14. mai og var en grøn smoothie med banan, melon, mynte, spinat og økologisk kjernemelk frå Rørosmeieriet.


Et av byens beste lunsjtilbud, levert på døren, på sykkel, bærekraftig, vegetarisk; Superdigg!
— Marianne Lid Iversen
Gleder meg til hver boks med fargerike og sunne herligheter. Hun inspirerer oss med lunsjene sine!
— Synnøve Vidheim Svardal
Eg begynner jo å lengte etter lunsj med en gang eg kommer på kontoret om morgenen.
— Heidi Skålevik

Bli med i Lunsj på hjul gruppa på Facebook. Der vert dagens boks lagt ut med ingrediensar, i tillegg til anna informasjon og generelle beskjedar.

Forespørsel for Lunsj på hjul

OBS! Det er til tider hektisk å drive firma heilt aleine og dermed kan det ta et par dager før eg får svart på alle dei nydelige henvendelsane frå dykk. Håper dette går bra, og sjekk spamfilter for mailer frå meg kan ha havna der av ein eller anna grunn :-p

# Lunsjleveringar må avbestillast seinast kl 10 dagen før levering

Gåvekort på lunsjleveringar kan bestillast i nettbutikken min :-)