Lunsj på Hjul - FAQ


Det varierer etter kva dag. Tysdag vekslar annakvar veke mellom Grautatysdag (kjøleskapsgraut eller smoothiebowl med frukt, bær, gryn, kjerner og nøtter) og Tapenadetysdag (lunsj med base i belgvekst-tapenade og deilige grønnsaker). Onsdag er det ein smaksrik salat med pasta, gryn, belgfrukter og masse grønnsaker — den originale Lunsj på Hjul-varianten.
Lunsjane er i hovudsak vegetariske, men kjøtt, fisk, ost og egg kan forekomme. Gi beskjed dersom du ikkje ønsker dette, så tilpassar vi leveringa di.
Maten vert laga av overskuddsråvarer og lokale delikatesser i samarbeid med Reindyrka AS og T.L. Måkestad, med mest mogleg økologiske råvarer. Visjonen er å kjempe mot matsvinn ved å lage skikkeleg god mat på ein berekraftig måte.
All mat vert preparert i godkjente kjøkkenlokale. Maten leverast anten i nedbrytbare eingongsboksar eller gjenbrukbare plastboksar — sjå meir om emballasje nedanfor.
Anne Lill syklar rundt i Bergen kvar tysdag og onsdag. Moglege leveringsområde: Sentrum, Haukeland, Kronstad/Kalfaret, Damsgård, Solheim, Sandviken — og kanskje nokre fleire. Ta kontakt for å høyre om ditt område er dekka!
Ja! Siste frist for avbestilling er kl. 10 dagen før levering. Du kan også forskyve leveringa til neste veke, eller bytte til ein annan leveringsdag dersom det let seg gjere. Abonnentar administrerer dette via kundeportalen på lunsjpahjul.no.
Einskildlevering 149 kr

Abonnement 137 kr per levering

Med abonnement sparer du 12 kr per levering. Abonnementet vert betalt ein månad i førevegen og går til det vert sagt opp.
Du betalar for ein månad i førevegen. Eventuelle utsetjingar vert trekte frå neste faktura. Abonnementet fortsetter til du seier det opp. Du styrer alt via kundeportalen.
Fyll ut bestillingsskjemaet nedst på sida. Har du spørsmål? Ta kontakt direkte, så hjelper Anne Lill deg i gang!
Maten kjem anten i nedbrytbare eingongsboksar eller gjenbrukbare PP-plastboksar. Gjenbruksboksane kostar 218 kr for to lekasjesikre boksar (tåler -20 til +110 °C). Ved neste levering byttar du inn tom, reingjort boks mot ny lunsj.
Ein ny smoothie- eller juisvariant kvar veke, laga av frukt, bær og/eller grønnsaker som ikkje vart brukt til lunsjane — perfekt mot matsvinn! Kjem på ei fin glasflaske som abonnentar kan levere inn att ved neste levering og gjenbruke.

Abonnement 39 kr    Flexikunde 59 kr + eingongsbetaling for flaska