her finn du Ofte stilte spørsmål om matkursa mine
Generelle spørsmål (gjeld alle kurs)
Ja. Du treng ikkje erfaring frå før – alle kursa passar for nybyrjarar.
Nei. Alt utstyr du treng på kurset er inkludert, og det du lærer kan du gjere heime med vanleg kjøkkenutstyr.
Små grupper, slik at alle får god oppfølging og det blir ei roleg og sosial stemning.
Begge delar. Du lærer konkrete ting, men vi prioriterer også god tid rundt bordet.
Nei. Alle kursa er alkoholfrie, men med gode, sprudlande alternativ.
Som oftast ja – ta kontakt på førehand.
Unntaket er glutenallergi på pizza- og pastakurset, der gluten er hovudfokus.
Unntaket er glutenallergi på pizza- og pastakurset, der gluten er hovudfokus.
Vanlegvis nei. På enkelte kurs kan du bli bedd om å ta med boksar til restar, og du har lov til å ta med eige forkle og utstyr om du har lyst til det.
Ja, du får oppskrifter og tips du kan bruke vidare heime privat.
Ja, på dei fleste kursa tek du med deg noko heim:
Pastakurs: pastaen du lagar undervegs.
Pizzakurs: ferdig pizzadeig og eventuelle restar av ferdigsteikt pizza.
Vegetarmatkurs: restar – ta med eigne boksar.
Soppkurs: ein ferdig dyrkepose med valfri blå eller rosa østerssopp, som kan gi om lag 1 kg ferdig sopp.
Flatbrødkurs: flatbrødet du har baka sjølv.
Hermetiseringskurs: eigne hermetiserte glas med godsaker.
Pastakurs: pastaen du lagar undervegs.
Pizzakurs: ferdig pizzadeig og eventuelle restar av ferdigsteikt pizza.
Vegetarmatkurs: restar – ta med eigne boksar.
Soppkurs: ein ferdig dyrkepose med valfri blå eller rosa østerssopp, som kan gi om lag 1 kg ferdig sopp.
Flatbrødkurs: flatbrødet du har baka sjølv.
Hermetiseringskurs: eigne hermetiserte glas med godsaker.
Pastakurs – Italiensk aften på norsk
Vi lagar pasta frå botnen av og utforskar ulike former, fyll og smakar i roleg tempo.
Råvarer, rettleiing, oppskrifter, utstyr, småmat og alkoholfri drikke.
Pizzakurs – Pizza à la Anne Lill
Råvarer, rettleiing, oppskrifter, utstyr, deileg pizza og alkoholfri drikke.
Vegetarmatkurs – vegetarisk funky koldtbord
Nei, berre nysgjerrig.
Eit vegetarisk koldtbord med fleire varme og kalde rettar inspirert av tapas og meze.
Ja – dette er mat som mettar.
Råvarer, rettleiing, oppskrifter, utstyr og felles måltid.
Salatkurs – Fargerik salatprep
Nei, for alle som vil lage betre salatar.
Korleis byggje salat som eit fullverdig måltid med god balanse av smak og tekstur.
Ja – fokus på enkle grep du kan bruke igjen og igjen.
Råvarer, rettleiing, oppskrifter og utstyr, og eit måltid på slutten av kurset med det de har laga.
Soppkurs
Erlend og Helene frå Hella Sopperi står for soppdyrkingsdelen, medan Anne Lill frå Stene Matglede deler mattips og matinspirasjon.
Ja, det blir servert smaksprøver laga med sopp frå Hella Sopperi i løpet av kurset.
Kurset varer i ca. 2 timar (kl. 18–20) og tek maks 15 personar.
1 100 kr per person. Dette inkluderer dyrkepose, råvarer, utstyr, rettleiing og smaksprøver.
Ja, Anne Lill gir deg tips og idear til bruk av østerssopp – alt frå enkle kvardagsrettar til smakfulle smårettar.
På kurset går vi gjennom korleis du stellar soppen heime, og du får tips til vidare dyrking og utstyr.
Flatbrødkurs
Alle som likar flatbrød og som er interesserte i å lære litt meir om norsk tradisjonsbakst og bruk av steiketakke.
Du lærer å lage eit godt flatbrød frå a til å – frå deig til ferdig produkt. I tillegg får du ei god innføring i utstyret, praktisk bruk og tips til korleis du best får det til heime.
Alle råvarer er inkluderte. Vi oppmodar alle til å ta med eiga kjevle, fløy og forkle om ein har, men vi har òg til utlån om det trengst. Grunnen er at ein då lærer å bruke eige utstyr, sidan til dømes kvar kjevle kan oppføre seg litt ulikt.
Maks 12 – for god flyt og personleg rettleiing.
Villmatkurs
Ikkje i det heile! Anne Lill viser deg steg for steg korleis du trygt brukar både primus og stormkjøkken. Har du ikkje eige, deler vi på utstyret vi har. Dette er ein perfekt arena for å lære det for første gong.
Smårettar basert på det vi sankar – enkelt, smakfullt og inspirerande.
Kle deg etter vêret – vi er ute heile tida.
Vi avlyser ikkje for litt vestlandsvêr! Vi trekkjer under tak eller finn lune plassar. Kle deg etter «lag-på-lag»-prinsippet og hugs vasstette sko og regntøy. Mat smakar ofte ekstra godt ute i frisk luft, uansett vêr!
Nei – dette passar for alle som er nysgjerrige på natur, mat og nye opplevingar.
Det er noko gateparkering i området, men vi tilrår å bruke kollektivtransport om mogleg, då det kan vere avgrensa med plass.
Vi rører oss i eit roleg tempo langs Løvstien og i nærområdet. Dette er ikkje ein treningstur, men ei roleg vandring med mange stopp, slik at alle kan delta uansett form.
Hermetiseringskurs
Vi lagar kreative variantar av hermetisering med ulike metodar – bær, frukt og sesongens grønsaker. Dette handlar ikkje berre om jordbærsyltetøy, men om alt frå tapasmat på glas til bevaring av kjøkkenhagefangsten.
Kurset varer i ca. 3 timar (kl. 18–21) og tek maks 8 personar.
1 500 kr per person.
Råvarer, glas og utstyr til hermetiseringa, rettleiing og tips, oppskrifter, lån av forkle og smaksprøver undervegs.
Kurset held til på Stene Matglede sitt eige produksjonskjøkken i Rogagaten 26.
Kjøpte billettar blir berre refunderte dersom kurset blir avlyst.