Italiensk slow-fastfood møter det norske kjøkkenet :-)

Endeleg deler Anne Lill sin alle beste laurdagsrett! 

Lær å lage italiensk pizza på norsk vis - steikt på pizzastein, med kortreiste råvarer og ekte matglede i botnen.

No er dei første datoane for hausten 2026 klare:

Dette blir ein sosial og inspirerande kveld der du får lære kunsten å lage perfekt pizzadeig og steike fleire varianter i ein heilt vanleg onn.

Målet er enkelt: Så italiensk som mogleg - med det du har heime!

Vi kombinerer italiensk mattradisjon med norske råvarer, og du får mange gode tips til korleis du kan lage denne populære fastfood-retten på kort tid - med ekte, næringsrike ingredienser.

Undervegs tek vi oss tid til god drikke, latter og smakfulle pizzastykke. Mot slutten nyt vi resultatet saman - og du får din eigen ferdige pizzadeig med heim, slik at du kan fortsette pizzaeventyret på kjøkkenet ditt.


Kurset inkluderar:

  • Alle råvarer

  • Veileiing, oppskrifter og tips 

  • Lån av forkle og alt av utstyr

  • Sprudlende drikke og deilig pizza

  • Nydelig pizzadeig til å ta med heim

For dei som ønskjer å ta med seg opplevinga litt vidare, vil det også vere moglegheit for nokre små, handplukka frynsegoder knytt til både smak og fag som eg samlar i ein bonuspakke som du får med deg heim etter kurset. Dette kan til dømes vere råvarer som lokale oster, skinker og grønsaker, ekstra oppskrifter og fagleg materiale som byggjer vidare på det vi har vore innom på kurset.

Frynsegodene er heilt frivillige, og utvalet vil kunne variere frå gong til gong. Der er eigen billett som inkluderer bonuspakken eller så kan man og kjøpe direkte etter kurset.

Kurset foregår på Stene Matglede sitt eige produksjonskjøkken i Rogagaten 26.

Trykk på knappen for å sikre dykk ein plass på kurset :-D

Kjøpte billettar vert kun refundert dersom kurset vert avlyst.