Mandag 11 mai er det duket for eit heilt nytt kurs i rogagaten:

Bli med på litt tradisjonsbakst!

Dato: MAndag 11.mai

Stad: Støvå PopUp i Rogagaten 26

Pris: 1250 kr per person

Tid: 18.00 - 21.00

Maks 12 deltakarar

Vi skal lage ekte flatbrød frå grunnen av, lære om bruk av steiketakke, kva kjevler som er best, kva som gjer ei skikkelig god deig og kva er egentlig ein bakstefløy?

Med på laget har Anne Lill invitert med Kristin Glück-Evensen, også kjent med “Kristins kjøkken” og som “Gammalostbudeia”. Kristin er utdannet lokalmat-tekniker og er levende engasjert i norske mattradisjoner. Hennes lidenskap ligger først og fremst i melkeforedling og tradisjonsbakst, og hun har gjennom flere år jobbet med både formidling og servering av mat tuftet på norske mattradisjoner ispedd en deilig dose innovasjon. Matkultur er for Kristin både fortid og fremtid, helst i sjønn forening.

Unik mulighet til å lære å lage dine egne flatbrød før 17 mai!

Vi tar i bruk ei lokal oppskrift frå Hardanger som Kristin har full kontroll på. Det vil bli gjennomgang av kjevlebruk, emnelaging og ulike tradisjonar innan takkebakst og flatbrødbaking

Du vert oppfordra til å ta med eiga kjevle, då dette er ein gyllen mulighet til å bli vant med den og evt få tips til justeringar om det trengs. Ellers så har vi og til utlån om nødvendig.

Anne Lill skal lage til litt ulike smaksprøver som vi nyter undervegs med inspirasjon til unik bruk av flatbrød både til kvardags og fest, samt fikse noko deilig lokal drikke <3

Kurset inkluderar: 

  • Alle råvarer

  • Veileiing, oppskrifter og tips 

  • Lån av forkle og utstyr 

  • Sprudlende alkoholfri drikke 

  • Inspirerande smaksprøver laga til av Anne Lill

  • Flatbrødet dykk lagar blir med heim

FAQ

Må eg ha erfaring med takkebakst frå før? Nei, dette kurset passar både for deg som aldri har halde i ei kjevle før, og for deg som har baka litt og vil finpusse teknikken. Vi går gjennom alt frå deig og emne til kjevlebruk og steiking.

Kva er ein bakstefløy? Det skal du få lære alt om! Ein bakstefløy er det lange, flate reiskapen vi bruker for å flytte leiven over på takka og for å snu han. Det krevst litt teknikk, og det skal vi trena på.

Får eg med meg det eg bakar heim? Ja, sjølvsagt! Alt flatbrødet du kjevlar og steiker under kurset får du med deg heim, perfekt til 17. mai-feiringa eller koldtbordet.

Må eg ta med eiga kjevle? Vi oppmodar deg til å ta med di eiga kjevle om du har, slik at du blir kjend med ditt eige utstyr. Har du ikkje kjevle sjølv, har vi utstyr til utlån, så det er ingen hindring for å delta.

Kva bør eg ha på meg? Ta gjerne med eige forkle eller så kan du låne av oss, men det kan vere lurt å ha på seg klede som toler litt mjølstøv. Vel gjerne noko som er behageleg å røre seg i.

Kva slags smaksprøver får vi servert? Anne Lill lagar til ulike smårettar der flatbrødet spelar hovudrolla. Du får inspirasjon til korleis du kan bruke flatbrød på nye og spennande måtar, både til kvardags og fest. Vi serverer også god, alkoholfri drikke til.

Kan kurset tilpassast allergiar? Sidan dette er eit bakekurs basert på mjøl, vil det vere vanskeleg å gjere sjølve bakinga glutenfri. Men gje oss gjerne beskjed om andre allergiar på mail til post@stenematglede.no, så tek vi omsyn til dette i smaksprøvane som blir serverte.

Kven er Kristin Glück-Evensen? Kristin er utdanna lokalmat-teknikar og er ekspert på norske mattradisjonar. Ho er kjend som "Gammalostbudeia" og brenn for tradisjonsbakst og mjølkeforedling. Her lærer du av ein av dei beste i faget!