Tilbake til alle arrangementer

Villmatkurs med matlaging på primus

  • Stene Matglede AS 26 Rogagaten Bergen, Vestland, 5055 Norway (kart)

Har du nokon gong lurt på kva du faktisk kan ete i naturen rundt deg?

Langs Løvstien finst det ei verd av smakar dei fleste går rett forbi.

På dette kurset får du vere med Anne Lill på ei oppleving der natur, kunnskap og matglede møtast.

Sank, lær og smak

Vi startar med ein roleg tur der du lærer å:
– Oppdage spiselige vekster
– Skilje trygt frå utrygt
– Sjå potensialet i det som veks rundt deg

Dette handlar ikkje berre om sanking – men om å sjå naturen med nye auge.

Mat ute smakar betre

Etter turen lagar vi mat saman ute i det fri.

Med enkle middel (primus/stormkjøkken) tryllar vi fram smårettar med stor smak – og du får konkrete tips til korleis du kan gjere dette sjølv.

kven passar dette for?

– Deg som er glad i natur
– Deg som vil lære noko nytt
– Deg som likar mat og gode opplevingar
– Perfekt som sosial aktivitet

Tidligere arrangement: 7. mai
Pastakurs med norsk vri