Velkomen til det faglege bonusmaterialet for pizzakurset
Dette er ein stad for deg som ønskjer å ta med deg pizzaopplevinga vidare heim – i både smak og forståing.
Her finn du presentasjonen frå starten av det praktiske kurset, saman med fordjupande stoff om mjøltypar, heving, spelt vs. kveite, surdeig, tidsplanlegging og teknikkar vi berre så vidt rakk å vere innom i løpet av sjølve kurskvelden. I tillegg ligg det tips til toppingar som kan høyre fint inn i dei ulike årstidene, sauser og variasjonar som gjer det lettare å leike vidare på eige kjøkken.
Bruk materialet slik det passar for deg:
– som ei påminning om det vi gjorde saman
– som oppslagsverk når du står med deiga heime
– eller som inspirasjon til å utvikle din eigen vestlandspizza vidare
Alt her er meint som eit supplement – ikkje ein fasit. Pizza, som all god mat, blir best når du gjer han til din eigen :-)
Heilt til sist, i tilfelle oppskrifta frå kurset har forsvunne, så får du den her og;-)
Heilt til slutt:
Om du sku føle kallet så er det alltid kjekt med tilbakemeldingar på kurset i form av en anmeldelse på verdensveven <3
Du kan hoppe rett inn på Google sida til Stene Matglede ved å klikke på linken her: https://g.page/r/CRlcfZhl-duIEBM/review eller scanne qr koden :-)